Jordbruk
Jordbrukseigedomane forvaltast av jord- og skogbruksteamet i Ovf.
Prestegardar med jordbruksdrift fins over heile landet; frå Alta i nord til Lista i sør. Dei representerer eit mangfald av norsk jordbruk, både geografisk og produksjonsmessig. Prestegarden har på dei fleste stader sentrumsnær lokalisering og er i dag gjerne omkransa av tettstadar og bebyggelse.
Mykje av areala som låg til prestegardane er idag nytta til bustadområde og utbygging til offentlege føremål. Samla ligg det framleis omlag 20 000 dekar dyrka mark til prestegardane. I tillegg høyrer det monalege beiteareal til desse eigedomane. Jord- og skogbruksteamet forvaltar 176 jordbrukseigedomar og desse kan fordelast slik;
- 11 gårdsbruk bortleigd til forsøksverksemd og planteskular i både offentleg og privat regi
- 29 bruk er i forpakting, som vil seie bortleige av både jord og bustadhus, samt driftsbygningar, til same drivar
- samt resterande 136 gardsbruk med separate avtalar om jordleige og bygningsutleige
Forpaktningsbruka er vedtekne å behalde i Opplysningsvesenets fond sitt eige, i hovudsak fordi desse bruka er tradisjonsbærarar av viktig kyrkje- og kulturhistorie. På forpaktningsbruka vert det drive både plante- og husdyrproduksjon på i underkant av 7 000 dekar. Vi har i dag 14 bruk som produserer mjølk, disse utgjer ei samlet kvote på 1 270 000 liter. Ytterligere 3 forpaktarar produserer kjøtt av storfe, 4 driv med svineproduksjon; 3 med sau og 4 med hest. Ein stor del av planteproduksjonen er korn, som vi har på 25 av forpaktningsbruka. Det er også 6 forpaktere som driver grønsaks-, frukt- eller bærproduksjon.
Av fondets samla bygningsmasse er 322 bygninger freda, der 107 er prestebustadar og resten er gardsbebyggelse. Totalt er det i overkant av 1000 bygningar på jordbrukseigedomane.
