Du er her: Forside / Landbruk / Kulturminne / Olavsrosa til Nesset prestegard

Nesset prestegard

Olavsrosa til Nesset prestegard

Nesset Prestegard er tildelt Olavsrosa for bevaring og formidling av eit unikt gardsanlegg med Bjørnson– og prestegardskultur.

Olavsrosa -logo

Olavsrosa vart delt ut under kongebesøket på Nesset prestegard 29. august 2010 ved fylkesmann Lodve Solholm og styreleiar Inger–Lise Skarstein i Norsk Kulturarv. Inger–Lise Skarstein la vekt på kor viktig det er at stader som Nesset prestegard er levande og i bruk – med tilgjenge for folk flest. Å få oppleva historia på slike plassar er verdigfullt, sa Skarstein.

Nesset kommune, Opplysningsvesenets fond, Romsdalsmuseet og brukarstyret fekk ros for sin innsats for prestegarden.

Nesset prestegard er ein av dei best bevarte prestegardane i Norge. Den første presten ein veit budde her, var rundt 1597. Sidan den gong har prestane i Nesset hatt garden som bustad i over 400 år. Den mest kjende presten på Nesset prestegard var Peder Bjørnson (1838–53), far til Bjørnstjerne Bjørnson.